This website requires Javascript for some parts to function propertly. Your experience may vary.

Kalkmarknad 2021 – landsoversikt landbrukskalk | Plantekultur
Kalk og kalkprodukter

Kalkmarknad 2021 – landsoversikt landbrukskalk

«Hvad fôring er for dyr er gjødsling for planter. Uten næring ingen vekst»
«Bruk forholdsvis mest av den kunstgjødsel som er billigst i forhold til førkrigsprisen»

 – Johan Leuthäuser Hirsch, dir. NLH 1895-1904. Tabell for gjødsling 1923.

Her var det omtalt råstoffmangelen under 1. verdskrigen, og Noreg hadde etablert Råvarefondet av 1917, og det starta også jakt på ulike nyttige gjødselstoff i norsk berggrunn (steinmjøl).  Mange er aktuelle, med kalium, svovel og fosfor, men kalk er det alltid mest av, størst og rimeleg, effektive produkt, og med mangesidige baseverknader på jord, plantar og øvrig biologi, og sjølve gjødselkomponentane i kalk er kalsium og magnesium.

Mot det nye året 2022 har vi opplevd ein prisgalopp på lettløyseleg mineralgjødsel, ved ein mangel på tilbodssida, etter ein krevjande energisituasjon spesielt på gass.  Det kan truge både global og norsk matproduksjon.  Tilført gjødsel, også organisk gjødsel frå t.d. husdyr, og reservar i jord som vi har bygd opp, må mineraliserast og nyttast fort som plantetilgjengeleg.  God kalktilstand er ein føresetnad.

Landbrukskalken har halde seg på moderat prisnivå, er ein rimeleg og effektiv innsatsfaktor som i god agronomi (jord- og plantekultur) gir solid driftsøkonomi heile vegen.  Den jamne vedlikehaldskalkinga gir ein utbyttefaktor på 2-4, litt avhengig av plantekultur og dyrkingsteknikk.  Denne faktoren stig ytterlegare når mineralgjødsel vert dyrare, kanskje også direkte mangelvare.  Kalkstimulerte jordbakteriar aukar utbodet av gjødsel-N og –S frå reservar via jord til planteveksten, og løysingsevna for fiksert P viser sitt optimale vindauge i pH-området 5,5-6,5, på tyngre og velbufra mineraljord opp mot pH 7,0.

Dette underbyggast heilt nyleg av eit statistisk analytisk arbeid av 90 feltforsøk i Sverige av Kirchmann m.fl., publisert i European Journal of Agronomy i 2020.  Kalking på velbufra mineraljord, dominert av silt og leire, men ikkje nødvendigvis svært tunge jordartar, viste eit stort avlingspotensiale for om lag alle grøder opp mot pH 7,0, men med eit atterhald for potet til pH 6,7.  Det skal merkast frå øvrig forsking på potet at denne lett kan få kvalitetsfeil som skurv, og vatningsanlegg og mangangjødsling må ofte setjast inn ved høg pH. 

Generelt må kalkingsrådgiving reviderast mot høgare mål-pH.

Kalking er også eit godt klimatiltak, med sterk reduksjon av nitrøse gassar som lystgass, om grøftetilstanden også er god, potensiale for innlagra, underjordisk avling i form av rotrestar til store jorddjup (karbonfelle), og mindre tap av næringsstoff ved avrenning mot grøftesystem.

Kalktilførselen til landbruksjord viser no ein viktig og lovande oppsving etter mange år med merkbar forsuring.  Mattilsynet sin kalkstatistikk viste for 2020 ein så stor oppgang som 37% i høve til 2017, og fokus har festna seg. 

Kalkutbodet er breitt i marknaden, som framstilt med Landsoversikta i tab. 1.

 

Tabell 1.  Aktuelle kalkprodukt med nøkkeldata for kvalitet, sortert etter leverandør (2022).

Produsent/leverandør Handelsnamn Varetype NV Kalkverdi 1 år/5 år +3 Mg. %
Franzefoss Minerals
Avd. Verdalskalk Agri Brentkalk VK Brent kalkstein 97 97/97 0,4
Avd. Verdalskalk Agri Hydratkalk VK Hydratkalk 74 74/74 0,3
Avd. Hole Kalk Agri Mel Ho Kalkmjøl 52 51/51 2,3
Franzefoss Minerals Agri Dol Granulert OMG Gran. dolomitt *1 55 54/54 12
Franzefoss Minerals *2 Agri Pro Calcium Kalkmjøl 50 50/50 0,2
Franzefoss Minerals Agri Dol Granulert OMG m/kopar Granulert dolomittmjøl 55 54/54 12
Avd. Verdalskalk Agri Micro VK Kalkmjøl 56 56/56 0,2
Avd. Verdalskalk Agri Grov VK Grovkalk 57 42/51 0,2
Avd. Ballangen Agri Dol Grovdolomitt 61 35/48 12,4
Avd. Ballangen Agri Åte BA Annen kalk 61 35/48 12,4
Franzefoss Minerals *3 Agri Grovkalk VIE *4 Grovkalk 55 38/51 0,4
Franzefoss Minerals *5 Agri Grov LAE *6 Grovkalk 55,5 39/51 0,4
Franzefoss Minerals Agri Brent Dolomitt *7 Brent dolomitt 110 110/110 23
Franzefoss Minerals Agri Dol SMS *8 Grovdolomitt 60 35/48 12
Høst Verdien i Avfall Silisiumkalk *9 Ca-silikat 0-2 mm 53 53/53 0,8
Gausdal Kalk Grov kalkdolomitt Grov kalkdol. 52 32/44 8,4
Guttormsen Kalk og Anlegg *10 Blanda kalk – skjelsand Mg-rik Annan kalk *11 55 51/53 10,5
Blanda kalk – Langnes finkalk Mg-rik Annan kalk *12 60 51/58 9
OMYA Hustadmarmor Biokalk Kalkmjøl *13 39 39/39 0,4
Visnes Kalk Finkalk 0-0,5 mm Kalkmjøl 55 51/55 0,4
Visnes Kalk Grovkalk K1 Grovkalk 55 38/51 0,4
Visnes Kalk Grovkalk K2 Annan kalk 55 22/39 0,4
Visnes Kalk Visnes Mg-kalk 4,5% Annan kalk *14 57 37/50 4,5
Langnes Marmorbrudd Langneskalk ekstra fin Grovkalk 55,5 39/51 0,3
Langnes Marmorbrudd Langnes finkalk Grovkalk 55,5 37/50 0,3
Langnes Marmorbrudd Langnes landbrukskalk fin Mg 6% Annan kalk *15 47 32/43 6
Glærum Kalksteinsgruve Landbrukskalk 0-1 mm Grovkalk 55 40/51 0,3
Glærum Kalksteinsgruve Landbrukskalk 0-3 mm Grovkalk 55 27/42 0,3
Roslagen Shipping (Boston) Agromar Killingøy Skjelsand 41 32/37 0,8
Gerd Stensen Korallsand fin Skjel-/korallsand 40 26/33 2,1
Råde Mølle (Fiskå Mølle) Norkalsitt kalkstein 0-3 mm *16 Annan kalk 56 37/48 0,5
Råde Mølle (Fiskå Mølle) Calcinor dolomitt 0-3 mm Mg 12% *17 Annan kalk 37/46 12
Langnes Marmorbrudd Langnes landbrukskalk fin Mg 6%

Merknader *)

1 OMYA Björka Mineral AB, Sverige
2 Ultrafint som blandast i sprøyte, produsert av OMYA i Portugal
3 Produsert av Visnes Kalk
4 Identisk produkt med Visnes Kalk – Grovkalk K1
5 Produsert av Langnes Marmorbrudd
6 Identisk produkt med Langneskalk ekstra fin
7 Produkt produsert hos SMA i MO i Rana, berre i BB (storsekk)
8 Dolomitt produsert hos SMA i Seljeli, Vefsn, Nordland
9 Produkt framstilt av slagg frå produksjon av solcelle-silisium hos Rec Solar, Kristiansand
10 Kalkleverandør Agder (lager Tvedestrand)
11 Blanding 60/40 Magnokalk (tidl. RHI Normag) og Agromar Killingøy (Boston)
12 Blanding 50/50 Magnokalk (tidl. RHI Normag) og Langnes finkalk (Langnes Marmorbrudd)
13 Flytande kalkmjøl med 24-30% vatn, dempar lukt i husdyrgjødsel
14 Blanda kalk 60% Grovkalk K1 + 40% Agri Dol 0/2 (Franzefoss Minerals)
15 Blanda kalk 80% Langnes finkalk + 20% Olivinmjøl Landbruk Standard (Sibelco Åheim)
16 Levert av Norkalsitt, Salsbruket, Trøndelag
17 Levert av Calcinor, Bilbao, Spania