Kalkmarknad 2023 – landsoversikt landbrukskalk
God kalktilstand er ein basis for god jordkultur, til liks med god grøftetilstand nødvendig på all landbruksjorda vår. Deretter kjem dei neste stega som rett planteval – vekstkultur og sort – og nøye tilpassa gjødsling. Men utan basisen får vi lite ut av plantekulturen.
Like fullt oppstår ein del diskusjonar og motsegn i det landbruksfaglege miljøet om vi kan over- eller feilkalke på enkelte jordtypar. Men vi må halde fast på det store biletet: Det er omfattande jordforsuring som er hovudproblemet, og dette avgrensar produktivitet og driftsøkonomi i store delar av norsk landbruk.
Det er for så vidt korrekt at det er næringsfattige jordtypar som er vanskelege å tilpasse m.o.t. næringsstoffbalansar, og som då også er problematiske å kalke optimalt. Det gjeld humusfattige sandjorder (sparagmitt-jorder i Østerdalen og i Finnmark), høgmosemyr med låg omdanningsgrad, og heilt nydyrka, skarp skogsjord på næringsfattig silt og sand. Desse må kalkast med stor aktsemd. Men for øvrig er dyrkajorda vår gamal kulturjord, vel gjødsla og bufra gjennom generasjonar, og er robust. Det gjeld også moldrike mineraljorder og reine bakkemyrer i sigevassområde. pH 5,3 er uforsvarleg låg for alle organisk rike jorder, mens mål-pH må tilpassast sensitiviteten. Bonden og rådgivingstenesta kjenner jordene på skifta. Liksom ved skogskalking er det dei beste bonitetar som har eit stort potensiale ved kalking, og det meste av kulturjorda i jordbruket har generelt stor produksjonsevne, men ofte mangelfullt utnytta vekstpotensiale.
Kalkinga har mange effektar, i fleire trinn:
I.
Kalking til pH 5,5 for felling av giftige konsentrasjonar av aluminium, jern og mangan
II.
Kalking til pH 6,2-6,5 for vidare god utvikling av plantar både med røter gjennomvevande under bakken, og stor overjordisk avling. Fosfor har eit beste vindauge for planteutnytting ved pH 5,5-6,5, og først i området over pH 6,5-7,0 får vi gradvis felling av Ca-fosfat, nydanning av apatitt. Nitrogen i organisk stoff som skal mineraliserast til plantetilgjengeleg ammonium og nitrat, kan vi i liten grad spare i ein jordbank. Det kan fort gå til både vatn og atmosfære. Kalking er, saman med god grøfting, eit effektivt tiltak mot nitrøse drivhusgassar (NOx) som lystgass.
III.
Kalking minst opp mot pH 6,5 fører til felling og binding av ei rekke tungmetall som ikkje bør takast opp av plantane, men vi er i området pH 6,5-7,0 inne i kritiske område for sporelementmangel, og det gjeld spesielt kopar, jern, sink, bor og mangan, for det siste gjerne i samspel med redokstilstand, her tørkeeffektar i jord.
IV.
Sterk kalking over pH 7,0 er viktig for jordstruktur, spesielt på leire. Men også sterkt bufra moldrik jord kan gå frå kleimete tilstand til god grynstruktur.
Kalkutbodet er breitt i marknaden, som framstilt med Landsoversikta i tab. 1.
Tekstforfattar: Rådgivande Agronomar, Karl-Jan Erstad
Tabell 1. Aktuelle kalkprodukt med nøkkeldata for kvalitet, sortert etter leverandør (2023).
Produsent/leverandør | Handelsnamn | Varetype | NV | Kalkverdi 1 år/5 år +3 | Mg. % |
---|---|---|---|---|---|
Eidsberg Bygdeservice | Jordbrukskritt 0-5 mm | Dansk kritt *1) | 47 | 34/40 | 0,4 |
Franzefoss Minerals | |||||
Avd. Verdalskalk | Agri Brentkalk VK | Brent kalkstein | 97 | 97/97 | 0,4 |
Avd. Verdalskalk | Agri Hydratkalk VK | Hydratkalk | 74 | 74/74 | 0,3 |
Avd. Hole Kalk | Agri Mel Ho | Kalkmjøl | 52 | 51/51 | 2,4 |
Franzefoss Minerals | Agri Dol Granulert OMG | Gran. dolomitt *2) | 55 | 54/54 | 12 |
Franzefoss Minerals *3) | Agri Pro Calcium | Kalkmjøl | 50 | 50/50 | 0,2 |
Franzefoss Minerals | Agri Dol Granulert OMG m/kopar m/kopar | Granulert dolomittmjøl | 55 | 54/54 | 12 |
Avd. Verdalskalk | Agri Micro VK | Kalkmjøl | 56 | 56/56 | 0,2 |
Avd. Verdalskalk | Agri Grov VK | Grovkalk | 57 | 42/51 | 0,2 |
Avd. Ballangen | Agri Dol | Grovdolomitt | 61 | 35/48 | 11,2 |
Avd. Ballangen | Agri Åte BA | Annan kalk | 61 | 35/48 | 11,2 |
Franzefoss Minerals *4) | Agri Grovkalk VIE *5) | Grovkalk | 55 | 38/51 | 0,4 |
Franzefoss Minerals *6) | Agri Grov LAE *7) | Grovkalk | 55,5 | 39/51 | 0,4 |
Franzefoss Minerals | Agri Brent Dolomitt *8) | Brent dolomitt | 110 | 110/110 | 23 |
Franzefoss Minerals | Agri Dol SMS *9) | Grovdolomitt | 60 | 35/48 | 12 |
Høst Verdien i Avfall | Silisiumkalk *10) | Ca-silikat 0-2 mm | 53 | 53/53 | 0,8 |
Gausdal Kalk | Grov kalkdolomitt | Grov kalkdolomitt | 52 | 32/44 | 8,4 |
Guttormsen Kalk og Anlegg *11) | Blanda kalk – skjelsand Mg-rik | Annan kalk *12) | 55 | 51/53 | 10,5 |
Blanda kalk – MgO skjelsand Mg-rik | Annan kalk *13) | 60 | 56/60 | 9 | |
OMYA Hustadmarmor | Biokalk | Kalkmjøl *14) | 39 | 39/39 | 0,4 |
Visnes Kalk | Finkalk 0-0,5 mm | Kalkmjøl | 55 | 51/55 | 0,4 |
Grovkalk K1 | Grovkalk | 55 | 38/51 | 0,4 | |
Grovkalk K2 | Annan kalk | 55 | 22/39 | 0,4 | |
Visnes Mg-kalk 4,5% | Annan kalk *15) | 57 | 37/50 | 4,5 | |
Langnes Marmorbrudd | Langneskalk ekstra fin | Grovkalk | 55,5 | 39/51 | 0,3 |
Langnes finkalk | Grovkalk | 55,5 | 37/50 | 0,3 | |
Langnes landbrukskalk fin Mg 6% | Annan kalk *16) | 47 | 32/43 | 6 | |
Glærum Kalksteinsgruve | Landbrukskalk 0-1 mm | Grovkalk | 55 | 40/51 | 0,3 |
Landbrukskalk 0-3 mm | Grovkalk | 55 | 27/42 | 0,3 | |
Roslagen Shipping (Boston) | Agromar Killingøy | Skjelsand | 41 | 32/37 | 0,8 |
Gerd Stensen | Korallsand fin | Skjel-/korallsand | 40 | 26/33 | 2,1 |
Råde Mølle (Fiskå Mølle) | Langneskalk ekstra fin | Grovkalk | 55,5 | 39/51 | 0,3 |
Calcinor dolomitt 0-3 mm Mg 12% *17) | Annan kalk | 59,5 | 37/46 | 12 |
Merknader *)
1 Produsert av Kongerslev Kalk AS, Danmark
2 OMYA Björka Mineral AB, Sverige
3 Ultrafint som blandast i sprøyte, produsert av OMYA i Portugal
4 Produsert av Visnes Kalk
5 Identisk produkt med Visnes Kalk – Grovkalk K1
6 Produsert av Langnes Marmorbrudd
7 Identisk produkt med Langneskalk ekstra fin
8 Produkt produsert hos SMA i MO i Rana, berre i BB (storsekk)
9 Dolomitt produsert hos SMA i Seljeli, Vefsn, Nordland
10 Produkt framstilt av slagg frå produksjon av solcelle-silisium hos Rec Solar, Kristiansand
11 Kalkleverandør Agder (lager Tvedestrand)
12 Blanding 60/40 Magnokalk (tidl. RHI Normag) og Agromar Killingøy (Roslagen Shipping/Boston)
13 Blanding 25/75 MgO Fines (tidl. RHI Normag) og Agromar Killingøy (Roslagen Shipping/Boston)
14 Flytande kalkmjøl med 24-30% vatn, dempar lukt i husdyrgjødsel
15 Blanda kalk 60% Grovkalk K1 + 40% Agri Dol 0/2 (Franzefoss Minerals)
16 Blanda kalk 80% Langnes finkalk + 20% Olivinmjøl Landbruk Standard (Sibelco Åheim)
17 Produsert av Calcinor, Bilbao, Spania